|<
<
>

61

Lofotfiske

Les teksten, og vel riktig svar.

Pho_B1_5_Lofotfiske_KetilMeisler_ScanStockPhoto_image_125593_EDITORIAL USE_s.jpg

Kvart år begynner den norsk-arktiske torskestammen vandringa si mot kysten av Nord-Noreg. Størsteparten av torsken, som på denne tida av året vert kalla skrei, kjem frå januar til mars inn i Vestfjorden og på yttersida av Lofoten for å gyte. Lofotfisket er den mest tradisjonsrike næringa i desse områda og har betydd mykje for inntekta til fiskarane. I gamle dagar var Lofotfisket hovudinntektskjelda for fleirtalet av fiskerane i Nord-Noreg, men ved sida av livnærte dei seg av handverk, jordbruk og anna arbeid.

Frå januar til slutten av mars ligg båtane i kø ved kaiene for å få levert fisken dei har fanga. I løpet av dei korte månadene kan fangsten bli opptil 100 tonn skrei, og det er travle tider også for dei som jobbar på land i fiskemottaka. Her blir fisken reinska før han blir hengd opp til tørk på hjellar.

Pho_B1_6_Toerrfisk_Harri_D_Hansen_ScanStockPhoto_image_237468_s.jpg

Hjellar

Mange ungdommar tener også pengar mens Lofotfisket går føre seg. Dei bruker all fritida si på fiskemottaka. Det kan bli lange dagar på jobb etter at skolen er slutt på ettermiddagane.

Nokre gonger er det storm på havet. Då må båtane ligge til kai, for det er farleg å vere ute på havet når det er uvær. Fiskarane er rastlause. Dei ser på TV eller går på den lokale kafeen for å snakke om fangst og kvoter.

Snart stilnar stormen, og fiskebåtane er igjen ute på havet for å hente inn nye forsyningar med fisk.

(etter: NRK-skole 29.4.2010, Store norske leksikon)

1. Skreien kjem inn til Lofoten

2. I gamle dagar levde fiskarane

3. Mange ungdommar jobbar på fiskemottak

4. Storm og uver

5. Kva tyder det same som «det meste av»? Skriv inn riktig ord frå teksten.

6. Kva tyder det same som «lønn»? Skriv inn riktig ord frå teksten.

7. Kva tyder det same som «hektiske»? Skriv inn riktig ord frå teksten.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Personvern | Cookies