|<
<
>

38

Veps

Les teksten, og vel riktig svar.

Veps er sosiale dyr. Dei lever saman i eit samfunn, også kalla vepsekoloni. Dronninga i vepsebolet er mora til alle dei andre individa, og den eineste som legg egg. Hovepsane, også kalla arbeidarane, samarbeider om arbeidsoppgåver som larvepass, forsvar, matsamling og bygging av bustader.

115_B1_Vepsebol_Lubos Chlubný dreamstime_xs_19799091.jpg

Om hausten kan vepsane vere plagsame for oss menneske når dei er på jakt etter sukkerhaldig næring. Då må ein vere forsiktig når ein haustar inn frukt og bær.

Vepstikk er smertefullt, men det er sjeldan farleg sidan det berre kjem små mengder gift i eitt stikk. Likevel kan 50 stikk vere livstruande for ein vaksen person, men det finst døme på at folk har overlevd 200 stikk. Dei som er allergiske mot vepsestikk, bør heile tida i sommarhalvåret ha motgift lett tilgjengeleg i lomma.

Sidan veps er ein naturleg del av naturen vår, bør ein berre vurdere å fjerne vepsebol i dei tilfella der vepsen er direkte sjenerande. Å kjempe mot veps på hausten er mindre føremålstenleg fordi vepsen vil døy ut av seg sjølv når det nærmar seg vinter. Om vinteren kan vepsebol fjernast utan fare, sidan alle gjenverande veps er daude.

1. Kven legg egg i vepsebolet?

2. Kvifor er vepsen spesielt aggressiv om hausten?

3. Når bør ein fjerne eit vepsebol?

4. Kva tyder det same som «vondt»?

5. Kva tyder det same som «alltid»?

6. Kva tyder det same som «å ta bort»?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Personvern | Cookies