Avfallshandtering i Oslo
Les teksten, og vel riktig svar.
Alle husstandar i Oslo kommune kan kjeldesortere matavfall og plastemballasje. Systemet for kjeldesortert avfall bidrar til både reduserte klimagassutslepp, betre lokal luftkvalitet og gjenvinning av dei verdifulle ressursane som finst i kjeldesortert avfall.
Kva er matavfall?
Matavfall er skrell, skrottar, grut, teposar, tilgrisa hushaldspapir, matolje/frityrolje, bein og matrestar generelt.
Kva er IKKJE matavfall?
Avskorne blomstrar og potteplantar, hageavfall (inkludert grus, sand og jord), kattesand, bleier og matavfall i emballasje (t.d. kaffemaskinkapslar). Hageavfall blir levert på ein av miljøstasjonane i byen. Anna restavfall pakkast i ein vanleg handlepose, som blir knytt med dobbel knute, før den blir lagt saman med dei blå og grøne posane i avfallsdunken.
Kvar skal eg levere det?
Matavfall blir kasta i dei grøne posane, som skal knytast med dobbel knute før dei blir lagde i avfallsdunken. Private kan levere matolje/frityrolje godt emballert i tett emballasje til miljøstasjonar. Mindre mengder kan også leverast til minimiljøstasjonar. Dei betjente minimiljøstasjonane tek imot mindre mengder avfall, tilsvarande det du kan bære med deg. Avfallet går vidare til ombruk, materialgjenvinning og miljøriktig behandling.
Næringsdrivande må levere matolje/frityrolje godt emballert til mottaket for farleg avfall i Vårveien på Ryen.
Kvar skal matolje/frityrolje og matavfall IKKJE kastast?
Matolje og frityrolje skal ikkje hellast ut i vasken eller toalettet sidan det kan føre til tette avløp. Det same gjeld anna matavfall.
Kilde: Oslo Kommune Renovasjonsetaten
1. Det har vore dugnad i burettslaget, og bebuarane har fleire store plastsekkar med kvistar, tørre planter, grus og gras. Kva må dei gjere med avfallet?
2. Fru Hansen er glad i god kaffe, og ho har kjøpt seg ein ny kaffemaskin med italienske kaffekapslar. Men kvar skal ho gjere av kapslane når dei er brukte?